952 00 793 ole-helge.solstad@enivest.net

Hytte Øvreås

Posted on: april 14th, 2015 by admin No Comments

Teikna av Sundt Arkitekter AS. Areal 190m2.

Her har vi reve eksisterande bustad som var i for dårleg stand til å kunne rehabiliterast for å bruke tomta til ny fritidsbustad. Delar av eksisterande bustad har blitt gjenskapt både ute og innandørs.

Bustaden er konstruert i tre og har to plan samt loft. Utvendig er det brukt standard falsa kledning. Innvendig er det brukt gips i tak og panel på veggar. Bruk av brei panel og grove bjelkar i taket er i tråd med stilretninga til den tidlegare bustaden.

Golvet på alle plan er i Dinesen heiltre plank i full breidde, noko som og går igjen i dei plasslagde trappene over to plan opp til loftet, slik at ein får ein samanheng mellom etasjane.

Vi har utført tømrararbeid og levert material.

Villa Godvik

Posted on: april 14th, 2015 by admin No Comments

Teikna av Sundt Arkitekter AS. Areal 210m2.

Nybygging av einebustad i Godvik der begge etasjane er utført som trekonstruksjon, med innslag av stål for å takle store utstikk.

Utvendig er bustaden kledd i falsa kledning med listfrie hjørner, og underkledning er utført i eik. Eika er og tatt med inn i taket på hovudetasjen men her er den splitta opp som spilekledning med spaltar. Eiketaket gir ein flott glød i stova som har takhøgde på nesten 4m.

Andre overflater på vegg og golv er gips og eikeparkett, og huset er gjennomgåande utan lister i tak og på dører og vindu.

Vi har utført tømrerarbeid og levert material.