952 00 793 ole-helge.solstad@enivest.net

Bakgrunn

Bak Ole-Helge Solstad AS står Ole-Helge Solstad sjølv, ein tømrar med 27 års arbeidserfaring innanfor feltet. Ved sidan av å vere med på å starte Sogn Bygg AS i 2004, som Ole-Helge Solstad AS har sitt utspring frå, har Solstad tidlegare arbeidserfaring frå Jo-ry Bygg AS. I Jo-ry Bygg AS tok Solstad fagbrev, og han jobba seinare som bas/byggeleiar i verksemda. Utover fagbrev har Solstad og toårig teknisk fagskule, og han har arbeida som konsulent for opplæringskontoret for byggfag i Sogn og Fjordane.

Ole-Helge Solstad AS vart starta i 2014 og har i dag to tilsette. Vi utfører alle typar oppdrag frå «småjobbar» som skifting av dører og vindu til oppføring av større einebustadar. Vi har særleg kompetanse på bustadar i moderne stil. Sjå våre referanseprosjekt for å få eit inntrykk av kva vi driv med.

Ole-Helge Solstad AS opererar i hovudsak i Hordaland og Sogn og Fjordane, men tar og oppdrag i andre fylke.

Ansvarsrett og samarbeidspartnarar

I tillegg til å vere godkjent for ansvarsrett innan tømrararbeid er Ole-Helge Solstad AS og godkjent for riving og miljøsanering, så om ditt prosjekt krev riving før første spikar blir slått inn er ikkje det noko problem.

Vi har faste samarbeidspartnarar innanfor alt frå arkitekttenester til rør og elektro og kan difor om ønskjeleg ta på oss å vere totalleverandør for ditt prosjekt. Vi har og faste samarbeidspartnarar innanfor tømrarfaget, så om ditt prosjekt krev meir arbeidskraft enn det vi sjølv kan tilby kan det enkelt løysast. Sjå oversikten over samarbeidspartnarar for meir informasjon.

Kontaktinformasjon

Telefon: 952 00 793
E-post: ole-helge.solstad@enivest.net
Adresse: Ole-Helge Solstad AS, 6958 Sørbøvåg

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om ditt byggeprosjekt. Vi stiller gjerne på befaring om ønskjeleg.