952 00 793 ole-helge.solstad@enivest.net

Villa Iversen

Posted on: april 14th, 2015 by admin No Comments

Teikna av Svein Erik Lund Arkitekter. Areal 220m2.

Her har vi reve eksisterande bustad frå 60-tallet ned til grunnmuren og erstatta den med ein moderne bustad i to etasjar. På loftsplanet er det anlagt takterasse med direkte utgang frå loftsstova til ein fantastisk utsikt.

Konstruksjonen er utført i tre med innslag av stål. Huset er kledd med ein blanding av kvit stu kledning og og mørk falsa panel, noko som gir fine kontrastar. Innvendig er veggar og tak i gips med listfrie løysingar.

Vi har utført tømrararbeid og levert material.